Blindpassasjer

LyrikkUkategorisertBlindpassasjer
Estimert lesetid 1min

Ein mann i 20-30-åri og av afrikansk upphav vart funnen daud og med store skadar midt i ei gate i London-forstaden Mortlake, melder Aftenposten.

Det skakar og durar
i hjulbrunnen der uppe
Korkje vatn eller visdom
men ei glipe i veggen

Å byta alt ein kjenner
mot dette svarte hòlet
Ei flyging i Europas
blinde passasjar

Landingshjuli senka
Ljoset siv inn
Den kalde kroppen
fell mot London

Ut or Afrika
til daudens sjø
Voni var større
enn muren han kleiv