Halldis Moren Vesaas (1907–1995) var en av våre kjæreste lyrikere, som har betydd mye for nynorsk språk og kultur. Hun skrev åtte diktsamlinger, og mange av diktene hennes, som f.eks. «Ord over grind» og «Å vere i livet», er blitt en del av vårt «felleseie».
Halldis Moren Vesaas var kjent for sitt lettfattelige formspråk, og dikt som presist uttrykker følelser vi alle kjenner oss igjen i.
Avskil
Du følgde til toget den kvelden eg reiste,
bar kufferten for meg og ordna med alt,
tenkte på alt – og tenkte slett ikkje!
Det tenkte eg, og mitt hjarte var kaldt.
Ja, det var kaldt. Men det sveid av pine.
Du gjekk og la planar. – Å lat meg i fred!
Eg vil ikkje høyre om planane dine,
om framtida di, der eg ikkje er med!
Minuttane gjekk. Ein heil att, ein halv,
– og no, no går toget, kvar augneblink!
Da tagna du endeleg. Munnen din skalv,
og du gløymde å vere så aktsam og flink.
Og hjartet mitt sprengde sitt skal av kulde.
Eg bøygde meg ut, og vi nådde så vidt
å røre kvarandre den siste gangen.
Og så susa mitt liv bort ifrå ditt.