Knut Ødegård, f. 1945, debuterte i 1967 med diktsamlingen Drøymaren, vandraren og kjelda. Han har siden gitt ut over et femtitalls bøker. Blant dem er 15 egne diktsamlinger og mange gjendiktninger av utenlandsk poesi, bl.a. firebindsverket Edda-dikt (2013-2016).
Han har også gitt ut romaner, barne- og ungdomsbøker, essays, dramatikk og tre fagbøker om Island. Få, om noen, nålevende norsk lyriker er så hyppig oversatt, med diktbøker på 42 språk.
For forfatterskapet sitt er Knut Ødegård tildelt en rekke priser og ordener fra flere land, bl.a. Anders Jahres Kulturpris, Doblougprisen, Herman Wildenveys lyrikkpris, Bastianprisen, og fra Island kommandørkorset med stjerne av Falkeordenen for arbeidet med islandsk litteratur.
Frodig bildegalleri
Årets diktsamling av Knut Ødegård, Samuel Pedersens reisedagbok, er en sammenhengende fortelling med et frodig bildegalleri. Motoren i den lyriske fortellingen er plassert i en hjemmekonstruert bobil som pensjonert adjunkt med opprykk, Samuel Pedersen, har kjøpt på finn.no. Han legger ut på tur med bobilen sammen med den pensjonerte strømavleseren Inga, som han håper det kan bli et nært forhold til etter at hans første kjærlighet, Olga, omkom da fallskjermen hennes ikke foldet seg ut.
Samuel Pedersen fører dagbok, der de faktiske hendelsene på bobilturen blander seg med hans drømmer og tanker, som i stigende grad dreier seg om den opprørske paven og pavens hund.
III (Paven)
Eg vakna or ein draum som heldt seg
fast som eit klissent gult haustblad over
min vakne tilstand.
I draumen grunnar paven på
om verda kan vera vond?
I djupe tankar
går han der nede i Roma
med sin Golden Retriever i band,
ruslar kring ein prektig
rhododendronbusk i Vatikanhagen
og tenkjer på
gamle tenkjarar: Thomas
av Aquinas dukkar brått fram
i dei lysegråe hjernecellene
under den fine pavekalotten
i den milde brisen. Ja,
Thomas, ja, seier han til hunden
som han kallar Aristoteles.
Thomas, med sine Quaestiones
disputatae, og som skreiv hoc illud
est ultimum cognitionis humanae de Deo
quod sciat se Deum nescire
og hunden, som skjønar alt han seier,
ser på paven med sine djupbrune,
blanke augo og nikkar: Lenger kjem ikkje
eit menneske i si gudserkjenning
enn å vita at det ikkje veit noko
om Gud.
Nei, verda kan vel ikkje vera vond
om verda er Guds skaping? Nei,
seier Thomas, og nei nei om vi tenkjer verda
som fullendt skapnad
i Kristus. Men ja
om vi med verda meiner
den lekamleggjorde omvendings- og
skapingsorden. Då, seier Thomas
med apostelen Johannes, ligg verda
i det vonde.
Det kveldar over Roma. Hunden
stryk seg inn mot pavens kvite drakt
og legg att nokre gylne hår
i det kvite.
Slikt har aldri skjedd før i pavehagen:
Det myrknar brått og hagl kjem
i eit kuldekast, brått frost
og Aristoteles dreg paven med seg inn
i Peterskyrkja
og eg slit av meg dette gule draumelauvet
medan hagl kjem her
som i draumen, og eg er uviss på om Inga og eg
skal vidare med bubilen, i haglbyene.
Men dette er då midt
på sumaren, kjem ikkje nokon
Syndflod her.