Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) debuterer som lyriker med Garden under jorda. Diktene i samlingen er forankret i et tradisjonelt vestlandsmiljø. Vi ser en gård omgitt av husdyr og bønder. Samtidig gir diktene uttrykk for en ensomhet og en fabulerende lengsel.
kjøtet klaska i låvegolvet
dei ujamne plankane i bordkledninga
sprikte lyset inn
støvet frå tørt gras steig mens
eg trekte kjøtet opp i trillebåra
og flugene surra som flaggermus i mørket
utanfor fjøset stod far og kløyvde ved
øksa glinsa i lyset
frå den låge sola
som snart kom til å skli ned bak fjella
fjøset og huset og grønsakhagen og skogen
var spreidde som streifskot rundt meg
det var berre eg og far igjen på garden
og eg tenkte på den siste haustdagen
som glei over frå det lysaste milde
til den mørkaste kulden
frå kjøtet var frakta inn i huset
til veden var kløyvd
skifta årstida
med eit øksehogg