Ukas dikt: Eli Fossdal Vaage – Fra Hekla myter

DiktUkas dikt: Eli Fossdal Vaage – Fra Hekla myter
Estimert lesetid 1min
Eli Fossdal Vaage

Ein gong sat formødrene mine slik
i vindaugskarmen ei vårnatt
med fulle oskebeger
nesten alvorlege smil

Beskytta av varmen ifrå nypulte laken
reidd opp av ei uvitande mor
las dei, med stigande uro, om kjærleik
kjente seg så sterke, så levande
at sjølve skumringa fekk andlet

Enno syng dei i meg
stillare
klårare

Eli Fossdal Vaage (1984) er født i Leirvik, Stord, men bor i Bergen. Dette diktet kommer fra hennes debutbok Hekla myter.

Kjøp Eli Fossdal Vaages diktsamling.
Kjøp Eli Fossdal Vaages diktsamling.