Denne høsten har den folkekjære poeten Helge Torvund samlet sine favoritt-kjærlighetsdikt fra hele verden. I 101 dikt om kjærleik finner du klassiske kjærlighetsdikt på vers og korte snutter fra Instagram. Det er 101 dikt til glede for alle som har tro på kjærligheten – og kjærlighet til poesien.
Ukas dikt «Mellom» er skrevet av Micheal O’Siadhail som er en av Irlands ledende poeter. Det ble utgitt i Collected Poems i 2013, og det er gjendiktet av Helge Torvund.
MELLOM
I det me fell inn i same takta spør eg kva du tenkjer på.
‘Å, ingenting,’ seier du, ‘ikkje noko eg kan snakka om nå.’
Eg glir inn i rytmen av stilla di, eg gløymde mest med våre steg
kor einsam eg var, til den haustmorgonen då eg møtte deg.
Ved leggetid langs barndomstrappa, ei flammetunge
kasta skuggar. Ein veslevaksen og alvorleg unge.
Mi attrå er uendeleg, andre slutta då eg nett tok til.
Og så, der var du: heilstøypt, med heile deg: eg vil!
Tenk på tusen netter og alle skuggane me har sett.
Og morgonane av lys. Å lesa tankane dine er ikkje lett.
Mot det forunderleg opne i ditt andlet har eg inga makt.
Alltid denne kjærleiken. Alltid det uendelege i vår pakt.