I eit eksklusivt lite selskap sist vinter, med eit knippe framståande kvinner, var eg så heldig å ha Vigdis Hjorth som borddame. Rundt midnatt lente ho seg mot meg, med eit ærend: Ho hadde erverva seg ei tømmerkoie i marka ein stad, og denne ønskte ho no å varme opp med eigenprodusert ved. Spørsmålet var: Kor lenge må ved tørke før den kan brennast?
I staden for å ta meg nær av endå ein gong å bli forveksla med Lars Mytting, svarte eg som sant er, at omein kløyver veden på seinvinteren, er den klar til å brennast neste vinter, gitt adekvate tørkeforhold. Men ved oppfølgingsspørsmålet sette eg vinen i vrangstrupen, for her framgjekk det at ho forestilte seg å ikkje berre kløyve veden, men òg felle sjølve treet med øks!
Berre tanken på Vigdis Hjorth, i lett bakrus, som står midt i marka og slår laus på ei tynn bjørk med ei sløv øks, utan det nødvendige verneutstyr? Gud, nei! Då det var blitt natt og samtalen hadde dreidd mot det uunngåelege samtaleemnet (for mykje og for lite) sex, var det at eg tok sats og (dirrer litt i stemmen) proklamerte at kvinner frå naturens side faktisk er mindre disponert for monogami enn menn, stikk i strid med den gjengse oppfatning av kvinners seksualitet!
Alle augebryn rundt bordet heva seg, og spesielt Vigdis Hjorth sine, ikkje så pussig, etter som verken ho eller nokon av romankarakterene hennar har greidd å halde ut eit parforhold over litt tid. Sju par forventningsfulle auge var retta mot meg.
Eg trakk pusten, for å gi eit kort resymé av ein Samtidenartikkel eg ein gong skreiv om emnet. Men det stod heilt stilt, alt var svart. «Det var iallfall noko med eit forsøk på apekattar som …», sa eg lågt, før eg tagde. Påstanden min flaksa hjelpelaust mellom oss ei kort stund, og fall så til marka. Dei andre rundt bordet vende til slutt blikka misbilligande vekk frå meg, og samtalane heldt fram, alle med ein utilfreds undertone.
Her kjende eg på eit stort svik mot Vigdis Hjorth, som i alle år har vore ærleg om kvinners ikkje-talent for monogami, mens alle me andre har lata som ingenting. Og når det attpåtil viser seg at det er ho som har vitskapen på si side! For no har eg gått til kjeldene. Og som ei helsing til jubilanten – den vanskelege monogamiens mor – og til alle andre interesserte, her kjem det: Kvifor kvinna er mindre disponert for monogami enn mannen.
Den tradisjonelle fortellinga er som kjend slik: Mannen er programmert til å skvette sæden sin utover alt som kan krype og gå av hokjønn, for å befolke verda med eigne avkom. Kvinna sit på si side stille og vaktar mistruisk over sine verdifulle egg, fram til denne eine ressurssterke og symmetriske mannen som skal beskytte henne og dei dyrebare babyane hennar, endeleg dukkar opp, for så å hegne om kjernefamilien etter beste evne.
Det høyrest jo tilforlateleg og rett ut. Eit svangerskap er ressurskrevande og varer lenge, og barnet som kjem ut, er fullstendig hjelpelaust og treng uendeleg med omsorg i årevis framover, så her gjeld det verkeleg å ikkje bli gravid i tide og utide, og framfor alt ikkje med kven som helst. Då kjem varig svekka libido godt med. Påstanden om kvinners svake interesse for sex har si støtte i forskinga, framfor alt det berømte eksperimentet frå 1978 ved Florida State University der ei ung kvinne oppsøker tilfeldige mannlege studentar og spør om dei vil ha sex med henne, tre fjerdedeler svarer ja, mens når ein ung mann spør tilfeldige kvinnelege studentar om det same, svarer ikkje éi einaste av dei ja! Ikkje éi kvinne! Ho hoi, ganske så slåande!
Då Florida-studien blei repetert i 2015, berre at ein fjerna dei to faktorane som mest truleg fekk kvinnene til å takke nei til sex med ein framand – frykt for vald og eit øydelagt rykte – takka like mange kvinner som menn ja.
Det denne studien ikkje heilt tar høgde for, er a) kvinners ibuande og ikkje eingong spesielt irrasjonelle frykt for å bli valdtatt, eller b) den heller ikkje spesielt irrasjonelle frykta for å bli slut-shama tilbake til steinalderen dersom nokon registrerte henne slå følge med denne vandrande klamydiakolonien. Studien blir like fullt stadig sitert i tide og utide, seinast i vitskapsprogrammet Abels tårn på P2 i vår, og blir løfta fram som bevis for at menns tørst etter sex er grenselaus, mens kvinners sexlyst er låg, særleg etter at barna er fødde, men dei tvinger seg gjennom eitt og anna samleie no og då, fortrinnsvis med ektemannen sin, for å bevare husfreden og ikkje miste privilegium.
Då Florida-studien blei repetert i 2015, berre at ein fjerna dei to faktorane som mest truleg fekk kvinnene til å takke nei til sex med ein framand – frykt for vald og eit øydelagt rykte – takka like mange kvinner som menn ja.
Få kvinner lar seg sjokkere av det. Fortellinga om kvinners låge libido og medfødde preferanse for monogami er, i tillegg til å vere lettkjøpt og logisk, òg eit lærebokeksempel på vellykka sosial kontroll. Mannen har jo ein fordel av at kvinner som kjenner seg tiltrekte av andre enn ektefellen sin, skal føle seg som seksuelle avvikarar. Han har ikkje lyst til å bruke ressursar på å fostre opp avkom som like gjerne kan vise seg å vere postmannens (eller meir sannsynleg, idéhistorieprofessorens). Den sosiale kontrollen viser seg ikkje berre som undertrykt og skambelagt begjær, men òg som notorisk løgnaktig eigenrapportering i spørreskjema, gjerne i studier utførte av mannlege forskarar, så dét er ei anna delforklaring på kvifor myten om kvinnas monogamt orienterte sparebluss-libido har fått leve så lenge.
Og det fungerte jo faktisk lenge, det skal dei ha. Men så skjedde to ting: a) Pappvin (altså, av og til verkar det som menn ikkje klarer å forestille seg at kvinner snakkar med kvarandre. Men det gjer dei jo, så før eller seinare måtte fortellinga slå sprekker). Og b) Kvinner begynte å forske på kvinners seksualitet.
Studiene i kjølvatnet av dette viser følgande: Heteroseksuelle kvinners sexlyst begynner å minkenår eit forhold har vart i meir enn eitt år – tilfeldigvis like lenge som Vigdis Hjorths romankarakterer pleier å halde ut i eit parforhold før dei begynner å sjå seg om etter noko anna. (Note: Liknande studier på andre enn det heterofile parforholdet har eg ikkje funne.) Mannen er ganske flink til å begjære det han alt har, altså kona si. Så lenge det blir sex, er han nokolunde fornøgd, og all honnør for det. Kvinnas begjær, derimot, avtar med tida. Men her er poenget: berre det begjæret som er retta mot den faste partneren.
Når kvinner trur dei har gått lei av sex, er saka at dei er gått lei av å ha sex med den samme mannen om og om igjen. Det er ikkje mannens libido som er så mykje sterkare enn kvinnas, men kvinnas libido som blir øydelagt av vanen. Når eit parforhold blir institusjonalisert, og rollene avseksualisert – du blir meir og meir mor, ryddehjelp og svigerdotter, mindre og mindre kjærast og elskarinne, for eksempel – forstyrrar dette det kvinnelege begjæret. Sex innanfor desse rammene blir mindre og mindre interessant, til det til slutt er sidestilt med husarbeid: utført med ulyst, men alt raknar dersom det ikkje blir gjort, og ein er til ei viss grad litt letta etterpå.
Kvinners seksualitet er på sett og vis narsissistisk: Den er avhengig av å kunne gløyme alt og alle, omsorgsrolla og morsrolla og kaker som skal bakast til skuleavslutninga. Kvinnas seksuelle verd er den stikk motsette av kvinnas sosiale verd. Mens menn gjerne oppgir at dei blir tent av å sjå kvinna opphissa, oppgir ikkje kvinner at dei blir tent av å sjå mannen opphissa, men av å vere den som tenner han. Når sex går over til å vere noko ein bør ha i staden for noko ein vil ha, mistar kvinna kjensla av autonomi, kjensla av å eige sitt eige begjær. Og autonomi er avgjerande for lyst. Kvinner er ikkje monogamiens høge beskyttarar, men snarare monogamiens offer.
Det gjeld òg ei rekke av dei seinaste av Vigdis Hjorths romankarakterar. Der dei tidlegare ulte av begjær både i og utanfor det etablerte parforholdet, har dei no skilt seg, og meir eller mindre gitt opp kjærleiken, til fordel for skosortering i Pireus, arvestrid, vinhøneproduksjon og biletbroderi med titlar som «Uforløst brann» og «Sånn det skal være mellom menneskene», der klaustrofobiske parmiddagar blir avbilda.
Men sjølv om kvinner er monogamiens offer, avtar ikkje lysta, og kvinner kryp sakte, men sikkert oppover utruskapsstatistikkane. Lysta blir flytta ut av huset, over til for eksempel arbeidsplassen, der ein stadig kan ha kjensla av å vere seg sjølv, og ikkje berre ein tilfeldig person som ryddar og kjeftar på andre. Men sjølv om å få utløp for sitt uforløyste begjær på neste jobbseminar kan verke fornuftig der og då, er det samtidig slik at mange av oss gjerne vil halde fast på våre monogame forhold. Det er praktisk, oversiktleg og til og med ofte fundert på gjensidig og ektefølt kjærleik. Ein har ikkje eigentleg lyst til å vere utru, eller å sette ekteskapet på spel: Ein tredjedel av kvinner som har eit utanomekteskapleg forhold, oppgir at dei har eit lykkeleg eller svært lykkeleg ekteskap …!
Kvinner søker ikkje variasjon eller noko nytt fordi dei er ulykkelege, men fordi dei treng variasjon og noko nytt. Kvifor det er slik, har ikkje evolusjonspsykologane funne eit godt svar på enno, sidan dei er menn. Kva skal ein så gjere, om ein samtidig faktisk føretrekker monogamien, og kjenner på seg at ein får ME berre ved tanken på ope forhold eller swingersklubbar?
Vel, forsking på nevrokjemikaliar viser at seksuelt begjær blir trigga når me gjer noko nytt saman med den faste partneren vår. Ein ny og kriblande felles aktivitet kan gi ei seksuell vitamin-, eller strengt tatt hormoninnsprøyting, og nettopp bringe inn dette nye som kvinner av ein eller annan – evolusjonær eller ikkje – grunn treng, og som til og med kan få deg og mannen din til å verke nye for kvarandre. Og det er nettopp her at veden kjem inn igjen, og spørsmålet om kor vidt Vigdis Hjorth nokon gong vil kunne få oppleve kjærleiken igjen! Svaret på det er ja, men det krev at ho tar visse grep. Kort sagt: Kom deg ut av dei mannlege posøranes rike! Ein slesk kulturmann, politikar, eller akademikar er det ekstra fort gjort å gå lei av. Ein gjennomskodar så altfor raskt at dei eigentleg ikkje kan noko, alt er ei suppe av sjølvtilfreds posering, fagleg dilettanteri og dårleg sex. Ingenting å bruke år av sitt liv på.
Og som Vigdis Hjorth alt har påpeikt, i eit hakeslepputløysande ærleg essay i Morgenbladet for ti år sidan: Ein mannleg litterat har vanskeleg for å bestemme seg for om han vil penetrere deg eller bøkene dine, det einaste sikre er at han ikkje klarer begge deler. Ein yngre bilseljar i Skien, derimot … Der var «Louise Berg» faktisk inne på noko, bortsett frå at kombinasjonen klasseforskjell og aldersforskjell til slutt blei for mykje å handtere.
Her er mitt framlegg: om Vigdis Hjorth skal varme opp hytta si med eigen ved, treng ho motorsag, vernesko og vernebukse. Helst ei Stihl-sag, og det får ho på Felleskjøpet. Det finst rundt femten FK-butikkar på det sentrale Austlandet, så her er det berre å ta seg ut. (Note: Får du ikkje napp med det same, ville eg gått vidare til ein Husqvarnaforhandlar, og arbeidd meg nedover lista. I verste fall, meld deg på eit kurs i skogbruk.) Be om råd til å kjøpe ei god og lett motorsag, den kan gjerne vere batteridriven for den saks skyld.
Det er her du vil finne ein mann å gå inn i alderdommen saman med. Ein mannleg Felleskjøpet-ekspeditør du vil respektere, og som vil respektere deg tilbake, fordi de driv med ulike ting. Ein nevenyttig og lun enkemann, som kanskje til og med har eit lite mobilt sagbruk som akkurat får plass bak koia di …! Tenk å kunne stå der i lag iført hørselsvern og varme hanskar ein vinterdag og sage opp den finaste malmfuru saman med denne botnsolide Mannen, materiale som barna dine kan bygge hytter, hus og møbler av, mens nevrokjemikaliane flagrar.
Ein stødig, maskulin mann, som står der ute i ei sky av frostrøyk og sagmugg, trygg i seg sjølv, mens du sit inne og skriv foredraget «Brecht og brodering», «Fordeler og ulemper ved å sitte i fengsel» eller «Språkets bandasje», han vil du ha igjen og igjen. Det er godt det finst tømmer enno i verda! Tenk deg julaftan i den lune hjorthske heim, når Vigdis heilt tilforlateleg og utan ei mine les dette Rolf Jacobsen-diktet, med den øvrige familien andektig lyttande, før ribba (?) kjem på bordet. Kva vil han ikkje tenke? Herregud, tenk at denne kvinna finst!, vil han tenke. Milde Moses! Og så her, i vesle Norge!
Og det har han heilt rett i.