Knut Ødegård debuterte for femti år siden med Drøymaren, vandraren og kjelda. Nå er det gått åtte år siden hans forrige diktsamling, Det blomstra så sinnssjukt. Årets diktsamling Tida er inne har fått strålende kritikker bl.a. terningkast seks i Romsdals Budstikke. Henning Howlid Wærp i Aftenposten var også voldsomt begeistret: «Om Tida er inne har jeg lyst til å si at det er på tide å betrakte han som en våre fremste poeter.»
Knut Ødegård er tildelt en rekke norske og internasjonale priser og utmerkelser. Diktene hans er oversatt til 37 språk.
BRAGEPRISNOMINASJON
Tida er inne er også nominert til Brageprisen, og her er litt av juryens begrunnelse.
«Tida er inne er ei djupt personleg bok. Det er få som vågar vera så pinsam ærleg som Ødegård i norsk diktekunst – hjå Ødegård kan vi sanneleg tala om poesiens «røyndomslitteratur». Ødegård portretterer både seg sjølv og familiemedlemer med nådelaus ærlegdom, i skildringar av vanskelege episodar i livet, frå barndomen, gjennom krigen, incest, lobotomi i etterkrigstida, til alderdomen i dag. (…) Tida er inne er eit høgdepunkt i Ødegårds rike og mangfaldige forfattarskap, som i år feirar 50 år.
TIDA
Tida kjem inn på scena no. Står litt fyrst
og nøler, ser nøye
på dørskiltet i huset (ein kulisse der på scena) for å vera viss
om rett stad, ringjer på
og eg opnar: Då
er Tida inne.
Sceneteppet
fell, det skin av måne og stjernetåke drys
frå teppet som er universets glødande botn
teppet glid opp att
og dér står den evige klovnen:
held eit skrikande nyfødd barn
på scena
medan Tida bøyer seg
for applaus. Så
er Tida ute.
LES OGSÅ:
Ny sekser til Roy Jacobsens «Rigels øyne»
Ukas dikt: Legg ikkje ditt liv i mi hand av Åse-Marie Nesse
Ukas dikt: Ikke alle kjærtegn av Jan Erik Vold
Ukas dikt: «Psykopatblues – krim for eldre» av Tom Stalsberg
Ukas dikt: «Når paven blir trett» av Gro Dahle
Ukas dikt: «Hestene står i regnet» av Astrid Hjertenæs Andersen